INGRIDLIN Deler interesser...
INGRIDLIN Deler interesser...
Nålebinding er mykje eldre enn strikking, og ein kan finne teknikken frå mange kantar i verda. Likevel vert det sett på som eit skandinavisk handverk. På engelsk heiter det også "nålebinding " med å eller aa, og eg har også sett det omtalt som "Norwegian Knitting".
RAKNAR IKKJE
Når du arbeider med nålebinding kan ikkje arbeidet rakne når du går frå det, for du syr knutar heile tida. Det er så vanskeleg å rekke opparbeidet at du kan klippe i det etter at du er ferdig, og det vil likevel ikkje gå sund.
SPLEISING AV TRÅDEN
Sidan du syr med ei stor nål (stoppenål kan brukast), slit du av tråden og brukar berre litt om gongen, så tråden må pleisast. For å få det til splittar du trådendane, væter dei og rullar dei mellom hendene slik at varmen og friksjonen får endane til å tove saman. Det aller beste er å fukte dei med munnen fordi det er enzymer i spyttet som lettar tovinga, men vanleg vatn funkar også bra. Spleisinga blir minst like sterkt som som resten av tråden, men du bør sjekke at det er nok tova med å nykke litt i tråden.
GODE PLAGG
Plagga blir ikkje berre slitesterke, men du kan også lage dei svært tette og varme, samstundes som det er luftig og behageleg å ha på.
KAN BRUKAST TIL MYKJE
Til og med blonder, dukar, vesker og belter kan ein sjå eksempler på med denne teknikken. Det har t.d. vore funne nålebundne vikingbelter laga av edelt metall.
Me lagar for sal:
Nåler til nålebinding:
Nålene blir laga i eik eller sibirsk lerk.
Nålene blir laga for hand og er derfor litt ulike, sjølv om me brukar ein mal for å få dei mest mogeleg like.
etter at dei er ferdige ligg dei natta over i linolje, før dei får ein siste finpuss.
Pris: kr. 100,- pr stk.
fotoserie av opplegg (kjem):
Ting eg har laga:
Nålebinding